[email protected]


Logo
Bli medlem
KONTAKT

MANGLANDE MEDLEMMER

Forfatter: Andreas Isaksen Dahl

02. mars 2022

Klatring
News article image

Hjelp! Vi har mista mange medlemmer i klubben og vi treng di hjelp.

Under overgangen frå minidrett til Spoortz i starten av 2021 skjedde det noko. Mange av våre medlemmer forsvann frå listene utan at dei meldte seg ut, og utan at dei fekk beskjed om dette. Halvparten av styret i klatregruppa var med anna ikkje medlem i sin eigen klubb i fjor, utan å melde seg ut og utan å få beskjed om at det var skjedd.

Så, om du trur du er medlem i klubben, så er det ikkje sikkert du er det likavel. 🙁 Medlemmer er viktig for å sikre oss tilskot til klubben. Det er gratis å vere medlem av Gol Klatreklubb, viss du er medlem av Gol IL.

For å sjekke om du er medlem, må du laste ned Spoortz-appen, eller logge deg inn på golil.no. Om du ikkje vil logge deg inn, så kan du berre sende oss ein melding på Facebook og be om medlemsskap, så fikser vi alt for deg. Eller mail med "Eg vil bli medlem i klatregruppa + namn" til [email protected]

Om du ikkje er medlem i Gol IL, kan du melde deg inn på golil.no, skriv klatring i kommentarfeltet der.