Gol IL Svømmegruppe på symjeleir
Forfatter: Audun Sporsheim
18. august 2022
Gol IL Svømmegruppe har vore på symjeleir i Danmark
Gol IL- Svømmegruppe er ei lita, men aktiv undergruppe av Gol IL.
For tida har me litt over 30 utøvere i alder 5-18 år. Vi ser no ein oppgang i antall born og unge som ynskjer å drive med symjing.
Fleire av våre ungdomar har trent i fleire år - dei er i tillegg med som ungdomstrenarar.Til stor inspirasjon for dei yngre. For det er litt artig å sjå kor raskt dei “store” kjem seg fram i vatnet.
Utøvarane våre i dag kjem frå Gol, Hemsedal og Nesbyen.
Gruppa held til i Gol sin symjehall ved Gol Samfunnshus. Trening er fordelt på 3 dagar og etter kva nivå ein er på.
Born og ungdom frå heile Hallingdal er hjarteleg velkomne.
Ein treningssesong fortener eit sikkelig kickoff.
Det vart bestemt at symjeleiren i 2022 skulle gå utanlands - nærare bestemt Løkken Idrettsenter i Danmark.
Dugnad og møte vart avholdt og til slutt lot det seg gjere.
Tirsdag 9 august reiste Gol IL -Svømmegruppe med 16 utøvarar i alderen 9-18 år saman med 9 vaksne. Det var ein spent gjeng som satte seg i bilane.
Målet med turen var samhald blant born og ungdom, trene på moment ein ikkje kan trene i eige basseng. Ein liten draum om havsymjing om værgudane ville tillate det.
Det vart lagt opp til 2 treningsøkter kvar dag - kvar økt vart lagt opp etter kva nivå utøvarane er på, og då også med inviduelle tilpasningar.
Dette vart gjennomført med ei stødig hand av dyktige trenarar med Øystein Walle i spissen, etterfølgt av Hilde Marie Berget og Audun Sporsheim. Gol IL - Svømmegruppe er takksame for desse ildsjelane. Det vart øvd på forskjellige symje artar, stupeteknikk og dykking, samt teknikk innan riktig ferdigheit i armtak og beinspark.
Ein treningsleir for barn og unge kan ikkje berre væra blodig alvor.
Difor var det til stor glede for store og små at Løkken viste sin beste side med strålande sol og ikkje alt for mykje vind - ein liten smak av syden.
Det vart tid til leik og moro på stranda. Kiting for dei som likar seg med litt actionfylte aktivitetar, medan nokon gjekk for å sjå bunkrane som ligg på stranda etter 2.verdskrig.
Ein dag fekk me undervisning frå dei lokale livreddarane på Løkken Strand.
Dei synte oss kva ein må passe på når ein skal drive med havsymjing på ein trygg måte med tanke på bølgjer, understrømmingar, og korleis ein kan snakke saman når nokon er i vatnet og nokon på land.
Utflukt som småbyshopping, Fårup sommerland og eit besøk til Nordsø Oceanarium (nordeuropas største akvarium) vart det også god tid til. Dei eldste byta bort fisk med actionfylte timar med gokart og lasertag i eit lokalt action house.
Rett og slett noko for alle.
I ryggsekken vår fekk me med oss gode minne og erfaring til vidare symjesesong.
Ein slik tur gjer seg ikkje utan dugnad og sponsorar - Gol IL - Svømmegruppe vil rette ein stor takk til sponsorane våre. Dei har bidratt anten med eit økonomisk bidrag eller varer/artiklar som me hadde behov for.
Dei er nemd i tilfeldig rekkjefølgje:
Nuten Eiendom As
Gol Bakeri
Sparebank1 Hallingdal og Valdres
Rema 1000 Gol
Coop Ekstra Gol
Frå ei av symjeøktene i Løkken Idrætscenter symjehall
Gjengen klar for symjing